Som inseminerande personell vil ein kunne bli kontakta for å inseminera hjå eigarinseminørar som er bortreist eller liknande.
Nokre melder til Geno at dei ofte ender opp med å inseminera hjå eigarinseminørar på helgedagar eller i fellesferie. I Dyrehelseportalen i dag er det ikkje noko boks å kryssa av for ekstra betaling ved inseminering hjå eigarinseminørar. Ein står likevel fritt til å fakturera produsenten ekstra sjølv dersom ein ynskjer det.
Geno vil likevel alltid oppfordra til å jobba for eit godt forhold til eigarinseminørane også i denne samanheng.