Bestillingsløsning for genotyping er nå tilgjengelig i Geno avlsplan. Les mer om saken

Dyrevelferdsprogrammet for storfe er i god driv

I januar 2022 lanserte ei samla næring Dyrevelferdsprogrammet for storfe. Geno er ein av fleire aktørar som stiller seg bak dette programmet kor alle storfeprodusenter med over 10 dyr no er inkludert.

Bilde av tre kyr som kommer gående på en grusvei.
Svært mange har no hatt sitt første veterinærbesøk i Dyrevelferdsprogrammet som er i god driv. Foto: Turi Nordengen.

Geno stiller seg bak Dyrevelferdsprogrammet saman med Kjøtt- og fjørfebransjens landsforbund (KLF), Nortura, Q-meieriene, TINE, Tyr samt faglaga ved Norges Bondelag og Norsk Bonde- og Småbrukarlag.

11 000 produsentar har gjennomført sitt første veterinærbesøk

Det er Animalia har stått bak sjølve koordineringa av programmet, og dei melder no om at 11000 produsentar har gjennomført sitt første veterinærbesøk. Alle storfeprodusentar med fleire enn 10 storfe er i dag innrulla i programmet, og heile 95,4% av desse har såleis kome i gang med gjennomføringa.

Spørjeundersøking

Det vert sent ut ei spørjeundersøking til alle som har delteke, både produsentar og veterinærar. Dette for å gjennomføra ei evaluering av programmet så langt. Me oppmodar alle involverte til å svare på denne undersøkinga.

Hos Animalia kan du lese meir om dagens status for Dyrevelferdsprogrammet.

Dyrevelferdsprogrammet har som mål å ivareta og forbetra dyrehelsa og dyrevelferden i norske storfebesetningar. Eit veterinærbesøk skal gjennomførast om lag kvar 16.månad, med ei vurdering av alle dyregruppene i fjøset, samt miljøet dei lev i.

Både faktorar som påverkar dyrevelferden positivt, og faktorar som kan forbetrast vert vektlagt ved eit slikt besøk. Resultata etter besøket vert lagt inn i Velferdsportal Storfe, som er den digitale plattformen til Dyrevelferdsprogrammet for storfe.