Gå til Tekst
Gå til Tekst
Vandreutstilling i Suldal

Vandreutstilling i Suldal

Sand produsentlag i Suldal arrangerte 12. november vandreutstilling med 32 kyr frå 11 oppdrettarar. Både NRF-, Jersey- og Telmarkskyr vart dømde, noko som vitnar om mangfall.

– Vandreutstillingar er eit godt reiskap for å auka kuinteressa og sette enkeltkua i fokus. Tilbakemeldingane frå dommarane var svært positive, dei hadde sett mykje fine kyr. Spesielt 1. kalvkyrne var store og fine, noko som vitna om alvsmessig framgong og god fôring, fortel sekretær i produsentlaget Ola Alne.

Miss Suldal

Det blei delt ut 19 førstepremiar. 1. kalvskua 319 hjå Rune Nerheim blei kåra til Miss Suldal 2014. Dette er ei særdeles fin ku med 10 i alvsverdi, 104 i mjølkeindeks og 109 i proteinindeks. Far er 11134 Eitran. Kua fekk 9 poeng for kropp og bein (10 er maks) og 4 poeng for jur og spenar (5 er maks), totalt 13 poeng. Det var fleire som hadde same poengsum, men her var det avlsverdien som skilte.

 

Beste 2. kalvsku hadde Magne Haug og beste 3. kalvsku og eldre fann ein hjå Bjarne og Anne Østerhus. Beste Jerseyku gjekk til Sigrid Bakka og beste Telemarksku til Lars Egil Bakka.

Premiering og avlsmål

Om kvelden var det premiering og utdeling av sløyfer og premiar på Lindum Lakseslott, kor det var 30 frammøtte. Hans Willy Tuft frå Geno gjekk gjennom avlsmålet for NRF-kua som er ute på høyring. Dei frammøtte var godt fornøgde med NRF-kua slik ho er nå, men kunne ynskja litt betre holdbarheit.

 

Førstekalvskua 319 hjå Rune Nerheim

Førstekalvskua 319 hjå Rune Nerheim. Kua fekk 9 poeng for kropp og bein og 4 poeng for jur og spenar.
Foto: Ola Alne


Til toppen