Gå til Tekst
Gå til Tekst
Vandreutstilling i Klepp

Vandreutstilling i Klepp

Vandreutstillinga i Klepp vart halden 4. november. Det deltok 38 kyr frå 15 besetningar. Dommar var Tore Joa og sekretær var Tone Aardal Skeie. Dyra vart inndelte i fylgjande grupper:

NRF 1. kalvskyr:

Her deltok 12 kyr og vinnar vart ku nr 753 frå Belinda og Lars Braut (biletet øverst). Ho fekk 8,5 poeng for kropp og bein og 4 poeng for jur. Far til kua er 10556 Motrøen og morfar 5646 Heigre.

 

NRF 2. og 3. kalvskyr:

Her deltok 18 kyr og vinnar vart 644 Safira frå Inga Skretting og Lars Byberg. Kua fekk 9 poeng for kropp og bein og 4 poeng for jur. 23005 K. Lens er far til kua og morfar er 22008 Asmo Sale.

 

Ku nr 644 Safira frå Inga Skretting og Lars Byberg
644 Safira vant premien som den beste kua i NRF-klassene.

 

Eldre kyr – alle rasar:

Her deltok 4 kyr og vinnar vart 692 Liros frå Pål Horpestad. Kua har hatt 4 kalvar og ho fekk 9 poeng for kropp og bein og 4 poeng for jur. Far til kua er holsteinoksen 30018 Gottorp og morfar 4846 Kjær.

 

692 Liros

692 Liros frå Pål Horpestad.

 

Kryssingskyr:

Her deltok 4 kyr og vinnar vart 410 Roxi frå Åslaug og Lars Kristian Grude. Dette er ei 1. kalvs Jerseyku som fekk 9 poeng for kropp og bein og 4,5 poeng for jur. Far er 27048 Dj Lix og morfar 27003 Q Zik.

 

 Jersey-kua 410 Roxi vart kåra til finaste kua i Klepp 2014.

«Finaste kua i Klepp 2014» vart Jersey-kua 410 Roxi. Kua var den einaste som fekk poengsummen 13,5. Alle foto: Tore Joa


Til toppen