Gå til Tekst
Gå til Tekst
Stor Geno-aktivitet på Agrisjå

Stor Geno-aktivitet på Agrisjå

Geno var rikt representert på årets Agrisjå i Stjørdal som vart arrangert 22. - 24. august. Med eigen stand, kuutstilling, kalvemønstring, stylingskurs, mjølking av ku og kukafe var Geno ein betydeleg bidragsytar til årets program.

Oppsluttinga om ku-utstillinga var ikkje så altfor stor med kun 10 kyr som stilte, men av dei var det mange fine dyr. Årets Miss Agrisjå 2014 vart 2498 Samara, eigd av By Kjøtt og Melk. Kua er datter av 23004 Heisalan Ponnistus og morfar er 5646 Heigre. Ein verdig vinnar mønstra av eigaren sjølv, Hermod Fledsberg.

 

Miss Agrisjå 2014 saman med eigar Hermod Fledsberg og styreleiar i Geno Jan Ole Mellby

Eigar av Miss Agrisjå, Hermod Fledsberg, mottek prisen av styreleiar Jan Ole Mellby.

 

Det store trekkplasteret var nok debatten mellom landbruksminister Sylvi Listhaug og bondelagsleiar Lars Petter Bartnes. Publikum fylgde intenst med og etterpå gjekk kommentarane på at dette lova godt for framtidige møter mellom desse to.

 

Sylvia Listhaug og leiar i Norges Bondelag, Lars Petter Bartnes

Landbruksminister Sylvia Listhaug og leiar i Norges Bondelag, Lars Petter Bartnes (t.h.), møttes til debatt på Agrisjå. Alle foto: Torill Midtkandal


Til toppen