Gå til Tekst
Gå til Tekst
Landbruksdag i Valdres

Landbruksdag i Valdres

Landbruksdagen i Valdres vart arrangert på Valdres Folkemuseum på Fagernes laurdag 10. september.

– Til tross for samanfallande dato med Dyrsku'n i Seljord, var det mange som hadde tatt turen til Valdres Folkemuseum, fortel Inger Sølvi Lunde, nøkkelrådgjevar i Tine. 

 

Dei som kom fekk oppleve mykje. Det kan nemnast ku- og kalvemønstring, gjetarhundoppvising, diverse underhaldning, motorsagoppvising i regi Bygdeungdomslaget, muligheit for å prøve hogstmaskinsimulator, ridning og skyss med hest og vogn m.m. I tillegg hadde mange lag og organisasjonar samt bedrifter og lokalmatprodusentar møtt fram med stand. TINE-ambassadørane hadde eigen stand og delte ut smaksprøver.

Prisutdelingar

Helga Thorvik Ulven og Olaus Ulven frå Røn fekk tildelt «Landbruksprisen i Valdres 2016». Kortversjonen av bakgrunnen for utdelinga er at dei har stor interesse for gardsdrifta og er opptekne av god agronomisk drift. Dei har eit sterkt samfunnsengasjement, og eit stort engasjement for landbruket spesielt. Dei har hatt mange tillitsverv i ulike lag og organisasjonar. Spesielt vart Helga sin store kunnskap og engasjement i høve til samvirke framheva, og då spesielt med verv i regionstyret og konsernstyret i TINE.

 

Helga og Olaus Ulven

Helga Thorvik Ulven og Olaus Ulven frå Røn fekk tildelt «Landbruksprisen i Valdres 2016». Foto: Magnhild Strand

 

Magne Mjøs og Solveig Sandberg frå Heggens fekk utdelt Geno sin avlsiplom for NRF-oksen 11708 Midtigaren av Nils Gillerhaugen, Geno-kontakt og årsmøteutsending.

 

Magne Mjøs

Magne Mjøs takkar for avlsdiplomet frå Geno. Til høgre Geno-kontakt Nils Gillerhaugen. Foto: Magnhild Strand

 

TINE Rådgjeving hadde ansvar for ku- og kalvemønstringa der 11 kyr og 14 kalvar med sine mønstrarar var i ringen. Einar Strand frå TINE Rådgjeving og Nils Gillerhaugen var dommarar.

Ku- og kalvemønstring

Vinnarar av kumønstringa:

 

Beste ku Valdres

Beste ku: Nr. 530 Øyling (Holstein). Eigar: Ingvild Strømsmoen. Foto: Inger Sølvi Lunde

Beste NRF Valdres

Beste NRF-ku: Nr. 5029 Dagros. Eigar/mønstrar er Andreas Hjellebråten Rødningen. Foto: Inger Sølvi Lunde

 

Vinnar av kalvemønstringa:

 

Elin Granlien

Vinnar av kalvemønstringa er Elin Granlien. Foto: Inger Sølvi Lunde


Til toppen