Gå til Tekst
Gå til Tekst
Kalvemønstring og kafédag

Kalvemønstring og kafédag

Laurdag 27. september arrangerte Fuglsetfjorden Bygdekvinnelag i Bjordal i Sogn og Fjordane kalvemønstring og kafédag for sjuande året på rad. Tekst og bilete er det Kari Anne Brekke som har sendt oss.

– På grunn av at det var meldt om mykje både regn og vind, la vi om på opplegget frå tidlegare år. I staden for å frakte kalvane til skulen, var dommarane rundt på gardane der det var påmelde mønstrarar, fortel Kari Anne.

 

Det var 17 mønstrarar i alderen 5 til 16 år. 16 mønstra kalvar medan ei mønstra ei Vestlandsk fjordfekvige. Det var lite publikum, men ungane/ungdommane fekk vise fram det dei har lært.

 

Etterpå var det kafé på skulen med pølser, sveler og kaker. 60-70 personar møtte. Det var bileteframvising av alle mønstrarane på data, samstundes med serveringen. Vi avslutta med premieutdeling til alle mønstrarane. Geno gav krus, sløyfe og diplom til alle som deltok, seier Kari Anne Brekke.


Til toppen