Det var stor interesse for dei faglege temaene under helgesamlinga i Ullensvang. Foto: Irene Mæland
Vellukka helgatreff i Ullensvang
Den tradisjonelle helgasamlinga i Ullensvang vart nyleg arrangert for 21. gong. Til saman 120 små og store var samla til ei helg der dei fekk både fagleg og sosialt påfyll.
Etter at reiseguru Jens A. Riisnes gav møtelyden ein gjennomgang av reisemolegheiter både innanlands og utanlands fredagskvelden, starta laurdagen med genomisk seleksjon ved Trygve Solberg i Geno. Jan Ole Mellby, styremedlem i Geno og leiar av utvalet som har vurdert ein eventuell fusjon mellom Geno og Viking Genetics, presenterte rapporten frå utvalet. Saken har vore til høyring i produsentlaga.
Det faglege programmet vart avslutta med eit innlegg av leiar i Noregs Bondelag, Nils T. Bjørke som tok for seg utviklinga i vestlandsjordbruket. Ola Alne, prosjektleiar i storfeprosjektet i Hordaland informerte om kva han kunne bidra med i vegval for mjølke- og kjøtproduksjonen i Hordaland.
Kvelden vart avslutta med servering av smalahove og underhaldning av Paul Jarle Grande på toradar og Frode Aga og Kjell Fuglehaug som framførte både kjappe og dristige historiar. Det vart ei faghelg utanom det vanlege!
Sjå fleire bilder frå helgatreffet her!