Nærbødronninga 2009. Foto: Tore Joa, Tine
Nærbødronninga 2009
10. november hadde me vandreutstilling i Nærbø produsentlag. I alt var 25 kyr med og 13 av dei fekk 1. premie. Same kvelden var det omtale og premieutdeling.
Den finaste kua på Nærbø i 2009 er nr 555 Leika, ho kjem frå Hildegunn Ødegård Aksnes. Kua er født i januar 2003 og fekk den 5. kalven i april 2009. Ho er middels stor, harmonisk og har gode bein, rett, litt flatt kryss. Juret er eit velforma trau-/bollejur med breitt feste bak, sterkt jurband og perfekt speneplassering. Kua er mor til NRF-oksen 10901 Aksnes. Poengsummen vart 9 for kropp og bein og 4,5 for jur og spenar.