Geno eies av norske storfebønder og skal sikre riktig kalv i kua til rett tid.
Team Norway besto av frå venstre i bakerste rekke: Petra Marie Homme, Lene Iren Rangen, Siv Hilde Rangen, Ingrid Goplen Holen. Framme: Nora Sandberg, Kristin Lende og Anna Kirstine Aarsland.
08.09.10

European Young Breeders School og EM i kustyling

Sju norske kugærne jinter har vore i Belgia på EM i showmanship. Lange dagar, intensiv jobbing og mykje å lære, fortel dei.

 

Tysdag 31.august reiste 7 spente jenter ned til Battice i Belgia. Der skulle dei delta i European Young Breeders School.  Det vart 5 dagar med mykje hardt arbeid, lite søvn, mykje fransk, lærerike leksjonar om kubedømming, styling, marknadsføring, og ikkje minst, mønstring. Geno takkar for bileta vi har fått frå deltakarane sjølve. Teamet besto av Petra Marie Homme, Nora Sandberg, Lene Iren Rangen, Kristin Lende, Anna Kirstine Aarsland, Ingrid Goplen Holen og Åse Ingebjørg Homme som leiar.

 

Klikk her for å sjå fliere bilder frå EM i kustyling.

 

Mykje arbeid og lange dagar

Dei norske representantane vert plassert i 2 ulike vertsfamiliar, der det berre gjekk i fransk. Dei fekk også kvar si kvige som dei skulle stelle og mønstre. Dei tre fyrste dagane gjekk til førebuing til mønstringa. Dette innebar mellom anna dagleg vask av kvige, lage liggeplass til dyra, og  stelle stand for Team Norway. Dei to siste dagane var det tid for konkurransar; mønstring, eksteriørbedømming, marknadsføring, stand  og  mønstrarane skulle også prøve seg på bedømming av kyr og kviger. Laurdagskveld serverte dei ulike deltakarlanda sin nasjonale spesialitet på sin stand. Det vert  ein festleg  og sosial kveld, der dei vart kjende med fleire ivrige europeiske mønstrarar. Dei to siste nettene måtte dei også sitte vaktar for dyra sine. Sundagskveld vendte ein temmeleg sliten og trøtt gjeng  heim mot fedrelandet. Det var ein flott, krevjande og svært lærerik tur!

 

Sølv om dei er trøytte etter turen, skal dei vere klare til Seljord til helga, seier dei!

 

Siv Hilde Rangen i full gang med fiksing av topplinje

Siv Hilde Rangen i full gang med fiksing av topplinje.

Levande forteljing frå Anna Kirstine:

Anna Kirstine Aarsland omtalar opplevinga slik på si facebokside og vi har fått lov å bruke det her og:

 

«Eg hadde serr den VERSTA kvigå så va der bårte! Hu va halt grusomme å ville enten stå i ro, sånn at eg ikkje klarde å rikka på na uden hjelp, eller så hoppte hu og sprang rondt og gjor bare hekkan :S Men eg fekk jaffal skryt i frå dommaren fordæ æg ikkje gav opp og jobba bra med na, og han såg at eg konne mønstra :) SJUKT trøtte! Dæ vart i mødlå 1,5 - 4 tima søvn kvær nått, og æg he aldri våre så fysisk sleden før! Fust va dæ å vaska kigene i 3 tima i ISkaldt vatn sånn at æg fekk naglabed, åss va dæ enten teori/ eksamen/ gardsbesøk/ bedømming av storfe/klypping/temming/mønstringstyling/stedling av kvigene e.l. resten av dagen te kl 21.00, så te vertsfamilien å få i seg mad, dysja og snakka fransk/flansk mæ di før dæ va i loppekassen... Så dæ va hardt program HAILE dajen. :-)» 

 

Klikk her for å sjå fleire bilder frå EM i kustyling.

 

Sponsorar

Geno og jentene takkar alle som har bidrege og gjort denne turen mogleg: Norsk Jersey, Norsk Holstein, Time Bondelag, Varhaug Bondelag, Rogaland Landbruksselskap, Felleskjøpet Rogaland Agder, Fiskå Mølle, Nortura, Prima Jæren, Tine Sør, DeLaval, Valle kommune, Produsentlagene til Tine Øst: Furnes/ Brumund og Ringsaker samt Geno.

 

Geno Kommentarer (1)
Eivind Odd Kallhovd sa, 518 dager siden:
Takk og lykke til !
Kjempeflott m slike flotte jenter, som kan rep. Norge ! Flott reportasje, stor takk t dykk alle og lagleiar Åse Ingebjørg Homme ! Lykke til vidare alle saman !! Helsing Eivind Odd Kallhovd
CommentKommentar til Eivind Odd Kallhovd
Geno SA Holsetgata 22, 2317 Hamar Tlf: 95 02 06 00 Faks: 62 52 06 01 E-post: post@geno.no Org.nr: 970028935
 
Infoboks